fredag 9. oktober 2009

Reiseblogg Praha - del 1

Dei fleste vil kanskje meine at det e litt pussig med en reiseblogg der del en starta i siste halvdelen ta ferien - men med det fantastiske manglande nettverket på hotellet so måtte ej trikse og fikse litt på sakjer og ting. Vel - her e ei oppsummering, ope for alle!

MANDAGS NATT besto hovudsaklig ta køyring - eller, hovudsaklig e et sterkt overvurdert ord i dinne samanhengen, vi gjor ikkje anna enn å køyre - frå Ålesund til Oslo. Peter Magne Blindheim, bussjåføren viste sej trygge og god i køyringa, og han fekk oss til Oslo på en absolutt godkjent måte. Vel framme i Oslo i ti-tida fekk vi etpar tima til rådigheit for å vandre litt i Oslo og sjekke ut morgenlivet på en mandag. Det vakje mykje å skryte ta - so vi endte opp på den smått fantastiske jazzbutikken/klubben/kafeen BareJazz på Grensen - et skikkelig vasshol for alle so e interesserte i jazz. God kaffi he dei også. Neste gong du e i Oslo bør du kanskje la jazzhjartet ditt sleppe litt fri med et besøk der?
Klokka 14:00 sigla Color Fantasy frå Oslo til Kiel - og ej havna på innvendig firemannslugar atme na Daniel, Sølve og ne Mari. Kjempegjeng å sove på rom med! Elles ikkje so masse å seie om den turen, anna enn at det ikkje fins en betre måte å reise på i mine auge akkurat no. Deilig mat på gode restauranta, kveldsshow som va godt brukt men likevel underhaldande og bra, og casino med enorme sjansa til å spele vekk alt du he. Ej virka ganske verdensvande med en sigarillo i handa og einarma banditt i den andre. Syns ej sjøl i alle fall.

TIRSDAG starta med en vekkelse i form av TV og telefon, og vi kom oss i bussen og kaurde sørover i Tyskland. Etterkvart so vi stoppa midt i feitaste "veikro på Autobahn"-land viste det sej at ej faktisk he lært litt etter fem år med tysk i skulen og faktisk presterte å konversere litt med det tyske bespisningsgewesen - whaddayaknow? Resten ta dagen va egentlig berre køyring og venting på grenseovergangane og soving og slikt. So, i 22-tida på kvelden ankom vi Praha og hotellet vi skolde vere på i fire daga. Må sei at det vart en liten letdown i det ej innsåg at på tremannsromet (mej, Håkon, Line) va det to enkeltsenge slått ihop OG en sovesofa som ikkje va meir enn samansydde sofapute med et laken over. Spretten i senga va totalt fråverande og kan kanskje karakteriserast best som "ei tempurseng som ikkje funka". Statement courtesy of Håkon, takk for den.

ONSDAGs oppvåkning på Olympik Tristar førte til en svært skoffande frokost - austeuropa he ikkje heilt den vestilige hotellstandarden inne ka frokost angår. Ikkje toalettdøre helder - skikkelig smale døre i lobbyen inn til dissa klarinettane. Vel vel, vi for i alle fall på sightseeing i Praha sentrum, starta på Lillesiden og gjekk etterkvart sørover mot Karlsbroen, over den og so vidare mot Mustek, den opne samlingsplassen vår. Guiden vår, Philip, va en ekstrem ressurs - attpåtil med mellomfag i norsk språk og kultur, eitt år på folkehøgskule i Austfold OG ti år som guide i Praha for norske turista på baken. Perfekt humor for ironisk-satiriske musikkstudenta - slo vitsa på dialekte og va samfunnsengasjert. Glimrande fyr - bruk na MASSE viss dokke ska til Praha! Etter en tretimars tur i Praha so for vi på besøk til det berømte bryggeriet Staropramen i Praha. Imponerande å sjå metodene - prøvesmak va obligatorisk. En halliter i Tsjekkia kosta sånn cirka åtte krone - og en shot med for eksempel Baileys (4 cl) kosta på det jamne 16-17 krone. Enough said med tanke på nattelivet til enkelte i klassa. Jøye då.
På kvelden for en gjeng på konsert med Praha Symfoniorkester - på programmet sto mellom anna Hindemith og Strauss. En klassisk konsert med godt reportoar, men med litt for lav stryk - og ei saftig god horngruppe på Strauss. Etterpå gjekk vi på restaurant og koste oss med en finare middag (ej bestilte pepperbiff med stekte potetbåta i rosmarin - en rett ej sjeldan gløyme, nydelig).

TORSDAG vart dagen då musikken sto i sentrum - vi for til Jaroslav Jezka musikkkonservatorium i Praha med hovedvekt på jazz, klassisk, pop og musikal. Med andre ord - ALT. Mellomgodt nivå, overhodet ikkje storimponerande. Seinare den dagen for vi på byen og ej fann mellom anna TO trompetkonserta, flotte billige trompeta, en dirigentpinne til 150,- (900,- nye på nettet) i ei bakgate, prøvespelbøke med alle dei viktige trompetstykka, massemasse øvingsnota og masse gode instrument av tsjekkiske merke. På laurdag skal ej kjøpe kornett av merket Amati til ne Ida-Olin, ej trur ho kjøme til å like den!
På kvelden på torsdag for vi på jazzcruise på Moldau, treretters goumetmiddag med en jazztrio som taffel. Kjempegodt ver, elvebåt i slusene rundt Praha, og et nydelig lys som sette heile Praha longt inn i hjartet mitt. Til alle kjære - far på ferie hit og ta med mej, ej e forelska!

Resten ta veka kjøme like rykkvis, bilde kjøme når ej kjøme heimatte - see you then!

BLOGGAST!

måndag 5. oktober 2009

Color Fantasy!


Gjett om casinoet e konge da!

Reiseblogg!


In case you did not know - ej og klassa skal til Praha i ferien! Jess, Praha! Vi tok buss frå Fagerlia klokka 00:45 inatt og no (etter litt stopping og ymse eting) e vi i Oslo og venta på ombordkøyringa til Color Fantasy (Kielferga). Ej he kjøpt badeshorts! Sjå opp for plutselige bloggoppdateringa i framtida! BLOGGAST

onsdag 30. september 2009

Ønskeliste til jul!

For å få det sagt før det verte altfor nær jul kan ej med en gong presentere ønskelista mi!

1. Det e ingenting ej ønska mej meir enn fred på jord.
                     ...Ej forstår sjølsagt at ditte e litt vel ambisiøst - derfor hoppa vi vidare til nummer to:
2. T-skjorte frå Steikjefine.no!

BLOGGAST!

måndag 28. september 2009

Ode til avdød toliters Nissan Primera, 91-modell.

E faktisk berre nøydde til å blogge litt for å fortelje til alle og einkvar korleis ej gjekk fram då ej klarde å få familieklenodiumet Nissan Primera, -91 modell - sendt til opphogging. Høyr berre her.

Ej skolde køyre heimatte frå øvingshelg med korpsa Hareid og Valldal Skulekorps (forstå den kombinasjonen dei som kan), og tok med mej ne Lill-Marte og ne Karoline frå Valldal (gjenge design og handverk på Borgund VGS, so veit dokke det) so skolde heimatte til hybelen i Ålesund. Instruksen va å sette ne Karoline ta på Moa, noke ej hadde sett mej mål til å klare. Tok til og med ei tidligare ferge sopass ej konne rekke same ferga so alle andre frå Sulesund (slå den).

Anyways, ej kjøme køyrande gjøna dei FÅ rondkøyringane på Moa, og akkurat i det ej prestera å svinge ut ta rondkøyringa heilt i knutepunktet på Moa, mot rutebilstasjonen, fæ Primeraen et sjukt kraftig ettersleng til høgre, og samtlige i bilen merka at dinne bilen her ikkje va HEILT i same stand so då vi kaurde INN i rondkøyringa. Ka gjer en då? Jau, en stoppa forskriftsmessig, henta fram varseltrekanten og dei herlige nødblinklysa so en alltid tøysa med, men so en aldri egentlig fæ skikkelig brok for. Før no, i alle fall. Når bilen va forskriftsmessig sikra, va ei synfaring på sin plass - og den avslørte fort at opphenget på venstre bakside va av, noke so gjorde at begge bakhjula sto skeivt kvar sin vei. Ej heiv mej på telefonen til na far (i redsel for nuclear meltdown i hin enden ta røret), og vi vart saligt enige i at her trengdest det bergingsbil. Ring Falken, sa faren. Javel, sa sonen.

So sto ej der og blomstra på et veistrekke midt imylla to rondkøyringe på en søndag ettermiddag, meda personbila og bussa smaug sej forbi uten attelét for understell og speil (va nokre turbussa so uten å tenke sej om vrengde hjula opp på fortauskanten atme og dura på med millimeters klaring forbi den stakkars Primeraen). Bergingsbil kom, og bilen vart fjerna. Vi endte opp på GMG Bilservice i Breivika - der dei kjapt og greitt kunne konstatere at opphogging va "den endelege løysinga" - sida hjulopphenget rett og slett va RUSTA vekk.

Med det takka en attenåring for laget til en anna attenåring, noke so e litt skræmande å tenke på. Håpe det verte greie spikar ta dej, din japse!

Ser dermed ut som det verte scooter framover på mej.

BLOGGAST!

onsdag 16. september 2009

Fastplay oppsummering!

Det he gått ikkje mindre enn åtte daga sida sist blogginnlegg - og mykje he skjedd. Ska vi ta ei lita oppsummeringsrunde? Ja, det skal vi!

Det he vore stortingsval og kyrkjeval over heile landet, og vi kan starte i enden med stortinget og alt ditta der. Må sei mej litt imponert over kor likt det faktisk va, og det va ei tid litt skummelt å sjå at det ikkje va større skilnad i mandata enn 85-84 i raudgrøn favør. Sjøl om det va jamnt, va ikkje fleirtalet trua - og takk og pris for akkurat det. Eit borgarlig fleirtal hadde hatt en store sjanse til å helle mot FrP i regjering - og det e en tanke ej ikkje lika. Siv Jensen uttalte etter det som faktisk va det beste valget dei he hatt nokensinne at dei (i fylge hinne sjøl) he dei tøffaste velgarane som tenke sjøl og e sjølstendige. I beg to differ. Ej rekna med at ej snakka for alle når ej understreka at FrP sin politikk lyse kraftig av kort tenking, enkle løysinga og lettvinte valgkampløfte - ditte e ting so sjøl andre parti på borgarlig side e enige i. Enkelte høgrevelgara ej he snakka med he sagt at dei mindre enn noke anna ønska et regjeringssamarbeid med Framstegspartiet - av den enkel grunn at den politikken dei føre e uansvarlig. Vel vel, no skal ikkje ej snakke meir om den saka. Siv Jensen klarte ikkje den tilsynelatande enkle oppgåva det skulle vere å kaste den sitande regjeringa (for det skulle bli lett match utifrå prognosane og statistikken dei siste 16 åra) - og det verte fire nye år med raudgrøn regjering.

Mi stemme gjekk til senterpartiet - og det angra ikkje ej på. Distriktspolitikk og landbruksvern e positivt!

I kirkevalet stemte 20% av alle stemmeberettiga - og mot dei snaue 2-3% so he stemt i tidligare val e det ei enorm forbetring. Det e bra. Det faktum at Hareid Bispedømeråd ikkje klarde å stavre fleire på liste enn at ALLE på lista kjøme til å få sej verv (verte du 5. vara veit du vel at alle hata dej, men men). Det syns ej e udemokratisk. Sjøl om der kanskje ikkje va fleire so vilde stille, so he det ingenting å seie. Ka om du hadde fått beskjed om at du berre kunne stemme på NorgesPatriotene, og dei stilte med 174 kandidata, 169 inn, fem vara? Hm?

---------------------------------
SMS-samtale mylla mej å ne Line på mandag, då vi begge sat og hadde det... ikkje so veldig interessant på øving med våre respektive korps:
L: Bli med i åum daaaa
P: Haha xD Vi fæ sjå korleis det verte framover :-)
L: *dådyrøyne*
P: *utpådådyrjakt*
L: *uttaforsesongen*
P: *it'sfiveoclocksomewhere*
L: Haha true, true.. E hata trompeta som spilla fffffffforfaen bak me
P: Haha, du overleve nok! ;-)
L: Hæææææ?? E HØRE IKKE KA DU SIR!!
P: Line, du trenge ikkje å høyre innholdet i en SMS.
L: And you're charged for jokeslaughter.
--------------------------------- 
Her i handa helde ej no en signerte Mezzoforte-DVD som ej fekk tak i på konserten i går på Rokken i Volda. Ej e framleis i lett ekstase etter den fantastiske opplevelsen det va å sjå bandet so hadde si storheitstid på 80-talet virkelig briljere. Ej anbefala ALLE so enda ikkje he høyrt bandet i aksjon å kjøpe en CD, søke på Spotify, LimeWire, TorrentSpy, iTunes, younameit. Det e verdt det!
--------------------------------- 
Imorga, torsdag 17. september e det musikkcafe med 3MU på Fagerlia VGS i aulaen klokka 19:00. Be there og kjøp kake og støtt oss med det du greie!

tysdag 8. september 2009

Politisk hjørne: Skuleval

No har eg nettopp vore i aulaen på Fagerlia VGS og stemt ved skulevalet. Tek eg ikkje feil, blir mi stemme på Senterpartiet ein del av den svært svake sentrumsblokka som som alltid gjer dårlege val på skulevala. Gjennom tidene har vi sett at det er to parti som gjer sterke val, SV og Høgre. Dette valet trur eg derimot vert annleis. No har FrP byrja å fri til ungdomen på billegare sprit, alkohol og tobakk, høgare frikortgrense, betre vilkår for gründerar med meir - og det trur eg kjem til å gjere sitt til at FrP no haustar veljarar blant dei yngste.

Om eg skal drage inn personlege syn, er dette eit teikn på lysta til å få tilfredsstilt eigne mål raskt, utan å tenkje fleire år fram i tid og ta omsyn til den sikringa avgifter, grenser og begrensningar faktisk er.

Skal ungdomen ha ansvar, må dei ha grenser å arbeide innanfor. Ei løysing av desse grensene vil gjere samfunnet usikkert og utrygt. Kall meg kontrollfreak, heilt greit.

Det har fungert FLOTT fram til no.

onsdag 26. august 2009

Tensing!

Det he gått sånn cirka en time sida ej sa takk for idag til gjengen i Hareid Tensing, og ej må sei at ej e særs nøgde med øvinga. Ei heile røys med nye åttandeklassinga, for ikkje å snakke om guta (cirka 12-15 guta på det meste)! Sjøl om ej e sleten som berre søren, og kom heimatte svette som en anna gris, e ej lada med tensingenergi -og ej håpa at andre tensingdirigenta i Norigs Lande og Rige e like velsigna med et awesome tensingkor so ej e! No e det berre litt jobbing med historie og slikt - og so e det senga på mej - satsa på å sove lenge før tolv!

Litt kort innlegg, nesten som ei statusmelding - men det må no vere lov!

Ej e knallsleten, men likevel klar for meir -
Ej må ha mej en kaffi!

Bloggast!

måndag 24. august 2009

Politisk hjørne: Miljø

D$$et er tid for eit nytt avsnitt i serien om mine småsære politiske utspring og meiningar - merkeleg nok på klingande nynorsk, utan at eg heilt veit kvifor. Det høver seg vel betre slik. Gler meg til spørsmålet om sidemålssaka...
DAGENS TEMA: MILJØ
$
Miljøsaka er sjølvsagt ei viktig sak i politikken, men av ein merkeleg grunn vert saka nedprioritert kraftig i forhold til dei meir kortsiktige måla, som til dømes utdanning og omsorg. Eg skal på INGEN måte seie noko stygt om desse sakene, eg vil berre påpeike at dei norske veljarane er altfor utålmotige til at noko norsk parti i det heile tatt gidd å leggje vekt på miljøet - fordi det er ei sak som treng tid. Trist, men altfor sant.

Akkurat i miljøspørsmålet kan vi skimte ei annleis blokkdeling enn i andre spørsmål. UngWeb si valside har ei fin oversikt over kvar dei ulike partia står hen i det politiske landskap - men på miljøspørsmålet har dei ei polarisert inndeling. Partia Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Kristelig Folkeparti (KrF), Kystpartiet (K), Raudt (R), Senterpartiet (SP), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Venstre (V) er alle HEILT einige - miljøspørsmålet er eit viktig spørsmål, og seier klart NEI til mellom anna oljeboring utanfor norskekysten og JA til fornybar energi. Arbeidarpartiet (AP) fokuserar kanskje ikkje so masse på miljø som på arbeid til alle - MEN dei har gitt klart uttrykk for eit tydeleg "miljøvenleg" standpunkt i samarbeid med dei andre partia i regjering. Høgre (H) er eit litt skymt parti, for dei har nesten ikkje fokus på miljø, men dei har nok sympatiar med Framstegspartiet (FrP) - som presenterar eit syn eg personleg får gåsehud av, og ikkje på ein god måte. Sistnemnte parti har som mål å senke bensinavgiftene, setje i verk bygging av gasskraftverk, kjernekraftverk og nedprioritere fornybar energikraft til fordel for meir kortsiktige og raske løysingar. Dette er hovudlaust og viser til at det finst sterke krefter i Noreg som ikkje maktar å tenkje lengre enn neste stortingsperiode.
 Mange parti har sine gode miljøsaker. KrF vil gi eit tilskot på 25000 til alle som går til innkjøp av klimavenleg miljøbilar. Venstre vil innføre grøn skatt - lågare skatt til miljøvenlege bedrifter, og motsett. Senterpartiet vil vere ein pådrivar for fornybar energikraft. Dette er gode tiltak. Framstegspartiet vil byggje fleire vegar og seinke bensin- og bilavgifta. Ikkje fullt så bra.
For å oppsummere mitt syn enkelt: Det er ei sjølvfølge at Noreg bør satse på fornybar energi, bevare primærnæringane sine arbeidsvilkår (dette tyder nei til oljeboring på norsk sokkel og ja til fiskeri) og få ein slutt på spørsmåla om at klimaendringane ikkje er menneskeskapte. Til desse menneska har eg eit spørsmål: Kan De MOTBEVISE at klimaendringane ikkje er skapte av oss menneske? Tenkte ikkje det, nei. Derfor må vi gå etter Føre Var-prinsippet - ta atterhald før det er for seint. Ein offensiv klimapolitikk er det einaste som kan sikre ei berekraftig framtid.
Pål André er i denne saka mest samd med:
Venstre
Kvifor? Jau, den grøne skatten. Næringslivet treng gulrøter for å verte meir miljøvenlege.
Einig? Ueinig? KOMMENTER!

Jugendfest recap

Okey, ska me sjå. Status e søndag kveld/natt - sleten som få, klar for køya, skule imorga.

Men ej rekke en kjappe en på bloggen!

Ej føle mej akkurat no veldig glad for at ej takka ja til å arbeide på Jugendfest 2009 i Ålesund dinne helga, for ikkje berre fekk ej gode penga på konto, men også saligt med erfaringa med å... helle øl frå halvliterbokse til halvlitersbeger uten å produsere for mykje skum slik at det vart et mayhem å skolde drikke det, spesielt viss du va "i godt humør", og sleit med koordinasjonen. Slikt kan en ta med seg vidare!
Med andre ord havna ej i baren både fredag og laurdag og gjorde faktisk ingenting anna enn å fylle opp øl i halvlitersglas so vart leverte over disk mot ølbonga. Veldig grei ordning. Meina på ej jobba frå 19:00 til 02:00 på fredag og frå 16:00 til 02:00 på laurdag - so ej håpe det verte nok til salt i såret og striskjorte og havreløfse i maten.

Artistane so spelte va også noke for sej sjøl - Timbuktu og Damn, BigBang og "Lind, Nilsen, Holm & Fuentes" - eller "Hallelujahgutane" so alle kalla dei - va dei største høgdpunkta. Helga surprisefaktor for VELDIG monge va nok konserten med Timbuktu og Damn, som va åtte mann på scena, medrekna tremanns blåserekke. Slå den, Jay-Cent, 50 Eminem og alle andre YO-YO BITCHES!

Med andre ord kan vi oppsummere Jugendfesten 2009 som en suksess - ej e fornøgde med arrangementet, og det håpe ej at andre e også! Neste år håpa ej at du e der!

Nei, no e det grusomt seint IGJEN, og ej e veldig trøtte...
Ej må ha mej en kaffi!

Bloggast!